HR-direktør

Hordaland og Sogn og Fjordane går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig, med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Vestland har ei målsetting om større demokratisk påverknad regionalt og nasjonalt, og at ein skal sikre fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar til regionen. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggjarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna sine vert teken vare på.

 

HR-direktøren vil få ei sentral rolle i organisasjonen med ansvar for å utforme ein heilskapleg HR-strategi og overordna arbeidsgivarpolitikk for den nye fylkeskommunen. Ny HR-direktør vil få ansvar for å byggje og vidareutvikle ein moderne og framtidsretta overordna HR-funksjon, der eit viktig prinsipp vil vere sentral tilrettelegging – lokal gjennomføring – sentral oppfølging. Endeleg avklaring av ansvarsområde og arbeidsoppgåver er i prosess.

 

Digitalisering og innovasjon både på HR-området og elles i organisasjonen er eit viktig satsingsområde for nye Vestland fylkeskommune – ny HR-direktør skal saman med dei andre leiarane arbeide for å skape ein varig kultur for fornying og forbetring og bidra til å effektivisere drifta. Sentrale ansvarsområde vil vere utarbeiding og oppfølging av overordna regelverk og rutinar, rådgjeving i ulike personalrelaterte spørsmål (lover og avtaleverk),  støtte i rekrutteringsprosessar, kulturbygging og organisasjonsutvikling, HMS og kvalitetsarbeid. HR-direktøren vil vidare ha overordna ansvar for oppfølging av hovudtillitsvalde og hovudverneombod, samt årlege lønnsforhandlingar.

 

Som HR-direktør vil du inngå i leiargruppa til fylkesdirektør organisasjon og økonomi. Fast kontorstad Bergen/Leikanger etter nærare avtale, men ein del reiseverksemd må reknast med. Den som vert tilsett, vil ut 2019 gå inn som HR-direktør i Hordaland fylkeskommune.

 

Sentrale arbeidsoppgåver

 

  • Overordna ansvar for dagleg leiing, koordinering og utvikling av det faglege HR-arbeidet i fylkeskommunen – sentralt/desentralt
  • Leggje til rette for god samhandling mellom HR-funksjonen i staben og i fagavdelingane
  • Vere pådrivar og tilretteleggjar for organisasjonsutvikling og kulturbygging
  • Yte støtte til fylkesrådmannen og toppleiargruppa i HR-faglege spørsmål, sentrale lover og avtaleverk
  • Ansvar for å utarbeide saksgrunnlag for politiske prosessar og implementere politiske vedtak innanfor HR-området

 

Kvalifikasjonar

 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Brei relevant erfaring frå store/komplekse verksemder
  • Erfaring frå offentleg sektor og god kjennskap til lov- og avtaleverk i det offentlege er ein fordel
  • Solid leiarerfaring på strategisk HR-nivå er ønskjeleg

 

Personlege eigenskapar

 

  • Strukturert og løysingsorientert arbeidsform med godt strategisk overblikk
  • Særs gode samarbeidsevner, utprega relasjons- og brubyggjar
  • Verdiorientert og med høg etisk standard
  • Nytenkjande og utviklingsorientert tilnærming med stor personleg gjennomføringskraft
  • Evne til å setje saman og utvikle gode faglege team
  • Kunnskap om og interesse for nye digitale verktøy og digital teknologi
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

 

Vi tilbyr

 

  • Ei unik moglegheit til å vere med på å forme og utvikle ein av dei mest sentrale samfunnsaktørane i Vest-Noreg
  • Du vil vere sentral i arbeidet med å etablere ein ny organisasjon og vil få stor påverknad på prosessar og organisering av HR-funksjonen
  • Spennande leiarutfordringar i eit sterkt fagmiljø med engasjerte tilsette
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Vi legg vekt på mangfald og inkludering og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar om å søkje på stillinga.

 

For alle stillingar gjeld dei reglar som går fram av lover, reglement og gjeldande avtaleverk i kommunal sektor. Administrasjonsmålet i den nye fylkeskommunen er nynorsk.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd vert opplysningar om søkjaren normalt offentleggjort. Søkjaren vil verte kontakta før slik offentleggjering.

 

Ved registrering av søknad, må du leggje inn nokon opplysningar før du kan laste opp din CV og søknad som vedlegg. Dersom du har problem, så kan Gunhild Nitter Schieldrop kontaktast på telefon 909 36 940. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Job Information

Customer: VESTLAND FYLKESKOMMUNE
No of Positions: 1
Industry: Executive
Discipline: HR/personnel
Location: Hordaland

Apply for Position

Published: 09/01/2019
Deadline: 30/01/2019
Reference No.: 1028064
Apply for Position

Contact Information

Torill Elise Dahl Høgheim
Phone 906 93 983
Torill.Hogheim@no.experis.com

Gunhild Nitter Schieldrop
Phone 909 36 940
Gunhild.Nitter.Schieldrop@no.experis.com